Kyrkjevalet kort forklart

Synest du kyrkjevalet er vanskeleg å setje seg inn i? Her er det forklart i under 500 ord.

Valdagen er mandag 14. september

  • Gaular kommunehus kl.11.00 – kl.19.00
  • Bygstad skule kl.11.00 – kl.19.00
  • Viksdalen skule kl.11.00 – kl.19.00
    (same tid og i same bygg som kommunestyre- og fylkestingsvalet).

To val:
1. Sokneråd – lokalt kyrkjestyre
2. Bispedømeråd og Kyrkjemøtet – regionalt og nasjonalt

Sokneråd i kvart sokn: 4-10 medlemmer + sokneprest. Valt for 4 år. Ansvar for kyrkjelydsbyggjande arbeid.
Kyrkjeleg fellesråd i kvar kommune = representantar frå sokneråda, sokneprest el. prost, og ein oppnemnt av kommunestyret. Har arbeidsgjevaransvar, økonomi, forvalting av kyrkjer og kyrkjegardar.
Der det berre er eitt sokn i kommunen, fungerer soknerådet også som fellesråd.

Bispedømmerådet leiar arbeidet i bispedømet saman med biskopen, tilset prestar, fordeler midlar til kyrkjelydane. Alle medlemer av bispedømmerådet er delegater til Kyrkjemøtet.
Kyrkjemøtet er kyrkja sitt Storting. Fastset t.d. liturgi, gjennomfører reformer og tar viktige vegval.

Viktige saker for Kyrkjemøtet i komande valperiode:

  • Fullføring av skiljet mellom stat og kyrkje.
  • Ny behandling av saka om kyrkjeleg vigsel av likekjønna.

Kven kan røyste?
Alle medlemmer i Den norske kyrkja født før 31.12.2000.
Desse får tilsendt valkort med informasjon om tid og stad for valet, samt oversikt over kandidatane.

Ta kontakt med lokalt kyrkjekontor før 01.09.15:

  • Om du ikkje får valkort men er medlem av DNK.
  • Om du får valkort men veit at du IKKJE er medlem av DNK (du er ikkje døypt eller du har meldt deg ut).
  • Om du vil melde deg inn i kyrkja.

Manntal
Du kan undersøkje om du står i manntalet på kyrkjekontoret frå 10.august til 1. september. Det er berre høve til å kontrollere opplysningane om ein sjølv, eller ein annan person som ein har fått skriftleg fullmakt frå.

Førehandsrøysting

  • Gaular kyrkjekontor, 10. august – 11. september, mandag-fredag kl.08.00 – kl.15.30
  • Gaular bygde- og sjukeheim 10.-11. september kl.10.00-12.00.
    (Frist for førehandsrøysting i anna sokn enn der ein bur: 1. september.)

Røysting

  • Ein kan levere lista utan endringar.
  • Ein kan gje tilleggsrøyst til inntil 3 personar.
  • I soknerådsvalet kan ein føre opp namnet på inntil 3 personar.
  • Det er ikkje høve til å stryke.

Men eg kjenner ingen av kandidatane!
Ein finn informasjon om alle som stiller til val på www.kirken.no og i ditt lokalt kyrkjeblad.
Kandidatane til Gaular sokneråd
Kandidatane til Bjørgvin bispedømeråd (klikk på kvart namn for meir informasjon)

Åpen Folkekirke og Levende Folkekirke
Det har vore mykje mediamerksemd rundt saka om likekjønna ekteskap. Ved førre bispedømerådsval var det mange som meinte at det var vanskeleg å vite kva kandidatane stod for. For å gjere dette meir synleg har to interessegrupper, Åpen Folkekirke og Levende Folkekirke vurdert å stille lister til valet. Til slutt blei det slik at Åpen Folkekirke stiller lister i dei fleste bispedøme, mens Levende Folkekirke anbefaler utvalde kandidatar frå nominasjonskomiteen si liste.
I Bjørgvin er det berre ei liste til bispedømerådsvalet fordi også Åpen Folkekirke har valt å anbefale kandidatar frå nominasjonskomiteen si liste. Anbefalingane til begge organisasjonane finn du på nettsidene deira.

Vist 70 ganger. Følges av 1 person.
Annonse